Gud har skapt oss til fellesskap med kvarandre. Vi ønskjer ein festival der det er enkelt og godt å høyre til — der du kan bli sett og hørt.
Gjennom ei rekke fellesopplevingar — turar, aktivitetar og møter, gjennom felles meistring og felles samtale — ønskjer vi ein festival prega av gjensidig respekt og nysgjerrighet.
Festivalen treng både dei store og dei små romma. Dei tette relasjonane der livet slik det er kan få ein naturleg plass — der eg kan bli sett og hørt. Men òg dei større romma der vi er mange og kan kjenne «eit løft» — at vi høyrer saman, sjølv om vi er ulike på mange vis.
I familiesamlinga på morgonen og kveldssamling for vaksne på kveldene dyrkar vi fellesskapet gjennom song og musikk, forkynning og bøn. Vi er søsken i trua på Jesus, og desse samlingene vil minne oss om det.
Kanskje har du noko du vil dele? Kanskje er det noko du kan bidra med? Eller kanskje treng du aller mest å kunne kvile i omsorgen i fellesskapet?
I kortreiste friluftslivsaktivitetar som gjev meistring, fyller oss med undring og nysgjerrighet over skaparverket — og tid til å finne roen i Guds frie natur — kjem vi tett på kvarandre.
Fellesskapet på tur er fantastisk. Vi ønskjer å vere gode turkameratar for kvarandre. Sjå stort på den gode samtalen medan beina går.
Dei minste borna er lagde. Dei eldste er kanskje vakne og oppe, men har det kjekt saman med nye vener. Over ein matbit og litt avsluttande tid etter ein lang dag dyrkar vi fellesskapet.
Kveldskroen er ved Båltun kvar kveld — du kan kjøpe enkel mat og drikke, og det er varme frå bålet og varme i samtalane der inntrykk frå dagen finn landingsplass i minnebanken.
Burgers og drikke tilgjengeleg. Betal med Vipps til #85971
Nordfjordsommar handlar ikkje berre om oss som er her på leir saman. Det handlar om andre òg — til og med andre i andre land.
Gjennom misjonsaktivitetar og kollektar får vi bidra til at Jesu store draum kan bli verkelegheit: At alle skal få sjanse til å møte han og kome til tru på han.
Vi ønskjer ein festival der vi er gode på å inkludere, anerkjenne og bekrefte kvarandre. Det skal vere enkelt og oppleves godt å høyre til.
Vi er eit slikt fellesskap der du kan få vere slik du er — slik du har det. Det krevst ingenting av deg anna enn å vere tilstades.
Dei aller minste
Born og unge
Familiar
Alle vaksne