Praktisk info

Klar for leiren?

Her finn du alt du treng å vite på førehand — pakkeliste, overnatting, reisevei og påmelding.

Steg 1

Kor er det?

Steg 2

Korleis kjem eg dit?

Frå Sør

Følg E39 utover på nordsida av Gloppefjorden. Det er skilta til Nordfjord Folkehøgskule frå hovudvegen.

Sandane ligg ca. 4 timar frå Bergen.

Og Nord

Ferja Anda–Lote er eit alternativ om du kjem frå nord. Frå Lote er det ca. 20 minutt til Sandane langs nordsida av Gloppefjorden.

Sandane ligg ca. 3 timar frå Ålesund.

Steg 3

Overnatting

Du kan velje mellom tre overnattingsalternativ på Nordfjordsommar:

Telt

Slå opp teltet på campingområdet. Ta med eige utstyr. Dusjfasilitetar er tilgjengeleg for alle.

Hardcore friluftsliv!

Campingvogn / Bobil

Tilgang til straum for campingvogn og bobil. Dusjfasilitetar tilgjengeleg for alle.

Straum tilgjengelig

Internatrom

Bu inne på folkehøgskulen i rom med god standard. Sengetøy og handklede kan leigast på skulen.

Enkel, dobbel og firemannsrom

Sengetøy og handklede: Om du bur inne, ta med eige sengetøy og handklede — eller lei det på skulen. Om du bur på campingen, kan dusjane i garderobene nyttast til kl. 23.00.

Steg 4

Pakkeliste

Ein ekte Nordfjordsommar er vêrmessig variert — alt frå strålande sol og 25 grader til tåke og sludd på ein høg fjelltopp. Pack smart\!

Vi ønskjer ikkje utstyrpress og uoverkommelege pakkelister. Det er det enkle friluftslivet som står i fokus. Men ta med det du treng for å vere tørr og varm!

Trykk på knappen for å skrive ut pakkelista direkte frå Google Docs.

Ofte stilte spørsmål

Godt å vite på førehand

Normisjon, KRIK og Nordfjord Folkehøgskule er saman arrangørar for Nordfjordsommar.

Om det blir liv i leiren lenge før frukost, kan de gjerne nytte musikkrommet som opphalds- og leikerom, rett innanfor inngangen vi brukar, til høgre.

Om du bur på rom med dusj, nyttar du sjølvsagt denne. Om du er i telt eller campingvogn, er det dusjar i garderobene (i gangen utanfor gymsalen). Kan nyttast til kl. 23.00.

Ta kontakt med Per Anders Hoven, tlf: 414 13 517. Han er lege og helseansvarleg på festivalen.

Kjelleren på Midttun er tilgjengeleg for deg som treng å få vaska skitne klede. Der er òg tørketrommel. Vasken kostar kr 30,– Vipps til #86971. Betalast i kiosken/resepsjonen.

Tørkerom er òg i kjellaren på Midttun.

Ja! Etter familiesamling er det kiosk kvar dag, ca. frå kl. 10.00–10.30. Den ligg i resepsjonen i hovudbygget. Betal helst med Vipps til #85971, men kort går òg fint.