Ein festival for tru, natur og fellesskap — på ein av Noregs vakreste folkehøgskular.
Nordfjordsommar er ein festival som har fokus på heile mennesket. Naturen rundt Gloppefjorden dannar ramma for fem dagar med fellesskap mellom born, unge og vaksne.
Det blir forkynning, lovsang, bøn og forbønn, og misjon får ein sentral rolle. Vi vil ha det kjekt saman, le masse og ta små og store utfordringar — anten du er sprek fjellvandrare eller ein som helst nyt naturen på nært hald med nistepakken i fanget.
Nordfjordsommar er ein festival for folk som søkjer fellesskap med kvarandre, naturen og Gud. Du treng ikkje å vere superreligiøs. Du treng ikkje å vere supersprek. Du treng berre å ha lyst til å vere her.
Dato: Tysdag 30. juni – søndag 5. juli 2026
Stad: Nordfjord Folkehøgskule, Sandane i Gloppen
Kapasitet: 150 deltakarar
Campus er Nordfjord Folkehøgskule — ein friluftslivsskule eigd av Normisjon. Skulen ligg vakkert til ved Gloppefjorden med fjell på alle kantar.
Nordfjordsommar er eit samarbeid mellom tre organisasjonar som har felles visjon om å skape opplevingar for heile mennesket.
Norsk misjonsorganisasjon med lang tradisjon for friluftsliv, kristent fellesskap og misjon. Eigar av Nordfjord Folkehøgskule.
Kristen idrett og kultur for ungdom. Påmelding til Nordfjordsommar skjer via KRIK sine nettsider.
Ein av Noregs fremste friluftslivsskular, eigd av Normisjon. Skulen stiller heile campus til disposisjon for festivalen.