Tilsynstelefon (døgnbemanna): 911 77 821
Under leiren

Nyttig å vite

Alt du treng å vite medan du er på leiren — i alfabetisk rekkefølge nedanfor.

Born som vaknar tidleg Brann Dusje Helse Kaffi Kiosk Kveldskro Måltid Niste Vaske klede
Skulen

Kart over campus

Her ser du kva dei ulike bygga heiter. Ljosborgstova, der morgon- og kveldssamlingane finn stad, ligg i første etasje ned trappa til venstre for hovudinngangen.

Kart over Nordfjord Folkehøgskule

Hovudbygget inneheld matsal, Ljosborgstova, resepsjon og mange opphaldsrom. Deler av dette bygget er nytt — vi håpar du vil trivast og nyte fasilitetene.

Alt du treng å vite

Praktisk info A–Å

Om du bur i campingvogn eller telt og det blir liv i leiren lenge før frukost, kan de gjerne nytte musikkrommet som opphalds- og leikerom, rett innanfor inngangen vi brukar, til høgre.

Ved brann eller om brannalarmen går, møter vi alle opp til opptelling nede ved grasbana.

Vi har tilgang til eit buldrerom under festivalen. Hugs at små barn berre kan vere her under oppsyn av vaksne. Dette er foreldra sitt ansvar.

Om du bur på rom med dusj, nyttar du sjølvsagt denne. Om du er i telt eller campingvogn, er det dusjar i garderobene (i gangen utanfor gymsalen). Kan nyttast til kl. 23.00.

Gymsalen står til fri bruk gjennom heile veka. Tilkomst er frå hallen i nybygget. Dei minste barna bør ha oppsyn av foreldre.

Ta kontakt med Per Anders Hoven, tlf: 414 13 517. Han er lege og helseansvarleg på festivalen.

Generelle spørsmål/nødsituasjonar: 911 77 821 (tilsynstelefon, døgnbemanna)

Kaffi er fritt tilgjengeleg i foajeen. Kopper står rett ved sidan av kaffimaskina. God fornøyelse!

Etter familiesamling er det kiosk kvar dag, ca. frå kl. 10.00–10.30. Ligg i resepsjonen i hovudbygget.

Betal helst med Vipps til #85971, men kort går òg fint.

Kvar kveld er det kveldskro etter vaksensamlinga ved bålhuset. Her kan du kjøpe burgers og noko å drikke.

Vipps til #85971

Alle måltid er i matsalen i hovudbygget. Vi ønskjer at foreldre og born går saman til måltid — vi har òg fokus på å minimere matsvinn.

Under frokosten smører vi niste til dagens tur. Bruk eiga matboks. Om du ønskjer kaffi/te/kakao med deg på tur, ta med termosen din og fyll opp ved automaten.

Har du spørsmål, eller om noko hender, kan du ringe tilsynstelefonen: 911 77 821 (døgnbemanna)

Vaske: Kjelleren på Midttun er tilgjengeleg for deg som treng å få vaska klede. Der er òg tørketrommel. Vasken kostar kr 30,– — Vipps til #86971. Betalast i kiosken/resepsjonen.

Tørke: Tørkerommet er i kjellaren på Midttun.

Kontakt

Viktige numrar

Tilsynstelefon

911 77 821

Døgnbemanna under leiren

Helseansvarleg

414 13 517

Per Anders Hoven (lege)

Nødetatar

110 / 112 / 113

Brann / Politi / Ambulanse